Rekruttering & arrangement

Meir aktivitet på telemarkski i Telemark er ei viktig arbeidsoppgåve for
Ski telemarklauget.


STL skal ikkje gjennomføre aktivitet, men initiere aktivitet. Gjennom dei fire åra STL
har eksistert har telemarksporten kome tilbake til regionen.

                 


Ski i skulen - Skileik på Kleivjordet i Morgedal
Skileik vert arrangera i Morgedal kvar vinter
for elevar i barneskulane i Telemark. Dette arrange-
mentet var starta opp i 1994 av Morgedal idrottslag og Norsk skieventyr. Då gjekk tilbodet ut til skulane i nærområdet.

I 2003 vart arrangementet utvida til å gjelde alle barnskulane i Telemark. Fleire dagar kvar vinter er
sett av til ski aktivitet og skulane kan sjølv velje dato.
Om lag 500 – 600 elevar er med på arrangementet
kvart år.

Eit stort skileik område er opparbeid, det er slalåm, hompelåm, orgeltramp og hopp av ulik storleik, gapahukar, bålplass, mogleg tur opp til Øverbø,
Sondre Norheim sin fødestad, opplæring i telemark-
køyring og koking av skismøring med meir.

Arrangementet vert støtta av Ski telemarklauget,
Noregs skiforbund og Telemark fylkeskommune.

Elevane får også tilbod om omvising i opplevings-
senteret Norsk skieventyr. Skileik tilbodet er ope for alle barneskular som har interesse. For nærare info kontakt Norsk skieventyr.

Vesle Sondre
Vesle Sondre er ei gruppe med barn i alderen 6 til 10 år. Denne gruppa vart først etablera
i 1994 i samband med OL på Lillehammer. Gruppa var då med på desse arrangementa:

- opning av World Cup alpint på Kvitfjell
- offisiell opning av OL museet på Lillehammer
- opning av skeiseisen i Spikersuppa i Oslo
- opning av kunstig skibakke på Jylland i
samarbeid med Color Line

I 2004 vart gruppa starta opp på ny, med ein ny generasjon skiløyperar. Deira fyrste oppgåve var i opningsseremonien under World Cup telemark på Rjukan. Gruppa samarbeider med Høgskulen i Telemark, trenarstudiet på idrettsfag om trening av Vesle Sondre.

Oppdraga for Vesle Sondre vinterne 2004/2005 har vore:
- opning av langrennsprinten i Kviteseid
- barnas holmenkolldag i Holmenkollen
- opning av World Cup Rjukan.


Andre aktivitetar
Telemark trening for barn og unge i desse laga i Telemark:
Dyre Vaa i Rauland, Morgedal, Fjellguten i Tinn/Rjukan og Skarpedin i Bø.

Dyre Vaa har arrangera
Noregs cup og Noregsmeisterskap i Rauland i 2003 (NC) og
2005 (NM). Ellers så har dei arrangera Skarsnutrennet eit fjelltelemarkrenn i alle år siden 2002.

Fjellguten har arrangera
World Cup (WC) i 2004 og 2005 på Rjukan. Dei har søkt FIS
om WC dei neste tre åra. Link til internettsidene til World cup Rjukan.

Telemark skikrins fekk på krinstinget våren 2004
eigen telemarkkomitee.

Som
sponsor for landslaget kan STL nytte seg
av løparane, slik som då Sigrid Rykhus og Kjetil Søvik var med på skidag på Kleivjordet i mars 2005.

Fjelltelemark, som er ein type telemarkkøyring der utøvarane går på beina eller eventuelt på ski opp på ein fjelltopp og løyper ned. Då er det
jakta på den lause snoen som driv dei.