Ski telemarklauget (STL) si viktigaste
oppgåve er å bidra til auka aktivitet og fokus på telemark som skigrein.
Namnet Telemark er kjent over store deler av verda nettopp på grunn av denne
skiforma som hadde si rot i regionen for om lag 150 år sidan. Då gjekk Sondre
Norheim på ski frå Morgedal til Christiania for å vere med på eitt av dei
fyrste premieskirenna i Noreg, organisera av Centralforeningen for Udbredelse af
Legemsøvelser og Våbenbrug.
I dag er skiidretten organisera av Noregs skiforbund, og 150 år etter Sondre er
Norges telemark landslag blant eliten i verda.
Gjennom støtte til telemarksporten nasjonalt, ynskjer STL å bidra til meir fokus
og motivasjon - óg innanfor breiddeidretten og frikøyring på ski. Me ynskjer
skispora tilbake på jorder, i bakken, i skogen og på fjellet!