Historikk

Ski telemarklauget er ein stifting - etablera i 2001. Stiftinga besto av bidragsytarar frå det lokale næringslivet, Telemark fylkeskommune, Næringsfondet for øvre Telemark og Telemark interkommunale næringsfond. Verksemder frå det lokale næringlivet var Rauland Høgfjells-hotell, Rauland Turist, Vierli Turistsenter, Rauland Skisenter, Rauland Akademiet, Rauland Feriesenter, Norsk skieventyr og Møtestad Seljord. Sekretariatet vart lagt til Norsk skieventyr i Morgedal.

Frå starten var viktigaste oppgåve å få på plass ei avtale med Noregs Skiforbund, Telemarks-komitéen. Ski telemarklauget var hovudsponsor for telemarklandslaget i åra 2001 - 2004. Dei aktive løparane har vore dei fremste ambassadørane for Telemark gjennom bruk av Ski telemarklauget sin logo på konkurranse- og oppvarmingsdrakter samt anna profileringstøy.

Avtala var eit viktig bidrag til at Noregs skiforbund og FIS har lagt fleire viktige telemarksrenn til regionen. Sidan lauget sjølv ikkje står som arrangør, er ein heilt avhengig av positive og dyktige arrangørar gjennom idrettslag som Dyre Vaa på Rauland og Fjellguten i Tinn/Rjukan.

Med fleire nasjonale renn arrangert i Rauland med suksess tok Fjellguten steget ut og arrangera WC i 2004 på Rjukan. Arrangementet var vellykka og arrangørane tok initiativet til å vera arrangør dei neste tre åra! I 2005 har Rjukan også arrangera WC avsluttning.

I tillegg til avtala med Noregs skiforbund har Ski telemarkslauget hatt eit eige program for å rekruttere barn og unge til sporten lokalt. Hovudmålet med desse aktivitetane er å få fleire i Telemark på telemarkski (sjå rekrutt-ering og arrangement).

Då det i Telemark skikrins ikkje var eigen telemarkkomité, tok STL initiativet til å etablere denne. STL såg det som viktig for Telemark å ha ein eigen komité for sporten med det sama namnet. På krinstinget i Bø våren 2004 vart komiteen godkjent.

I 2005 vart det laga ei ny samarbeidsavtale med Noregs skiforbund. Ski telemarklauget vedtok å bruke ein større del av ressursane lokalt/regionalt. Lauget er ikkje lenger hovudsponsor for telemark-landslaget men har framleis ei avtale som har til formål å styrke identiteten blant kommunale og private foretak i telemarkregionen og bygge opp eit sterkt nettverk mellom dei. Hovudmålet frå 2005 er å bidra til aktivitet lokalt/regionalt.

Nye næringsverksemder kom til i 2005; Morgedal Hotell, Telemark magasinet og Dyrskun arrangement. Telemark fylkes-kommune, Telemark interkommunale næringsfond og Næringsfondet for øvre Telemark er framleis dei viktigaste bidragsytarane.

Som eit resultat av fokus på telemarksporten har det i Telemark blitt meir aktivitet på telemarkski!

27.04.2007

[FrontPage Lagre resultater-komponent]

 

Visste du at….. Ordet slalåm er eit dialektord frå Telemark? Ordet er sett saman av sla som tyder slak helling og låm som betyr spor i snøen. Ordet vert bruka over heile verda, men blir skrive med o av dei som ikkje har å i alfabetet.